|
Internkontrollsystem for sosial- og helsetenestene
|
Virkeområde: Time kommune Kode: 3400/10
|
Prosedyretittel : Prosedyre for oppdatering pasientjournal
|
Utarbeida av: Bjørg Odland Dato:27032006
|
Godkjend av: Dato:
|
Gjeld til: Dato:
|
|
|
|
|
|
Time kommune nyttar systemet Profil til elektronsike pasientjournalar 1.Føremål: Prosedyren skal sikre at pasientjournalane vert oppdaterte og handterte etter gjeldane forskrifter. 2.Definisjonar: Pasientjournal er ei samling eller samanstilling av nedteikna/registrerte opplysningar om ein pasient i samband med helsehjelp ( jfr. Forskirft om pasientjournal) 3. Referansar/lovverk Helsepersonellova § 39 slår fast at den som gjer helsehjelp skal føre journal. I Forskrift om pasientjournal § 5 står det at det skal opprettast ein journal for kvar pasient. Vidare står det at dersom journalen vert ført delvis elektronisk og delvis som papirjournal, skal det klart går fram av begge kva som vert ført elektronisk og kva som vert ført på papir. I tenesteområde omsorg i Time kommune vert helse hjelp dokumentert både elektronisk og på papir. Det elektroniske dokumentasjonssystemet er ikkje godkjent etter gjeldane standard for arkivering. Derfor må alt det som vert dokumentert elektronisk, skrivast ut på papir med jamne mellomrom. 4. Ansvar Tenesteleiarane har ansvar for at prosedyren vert følgt. 5. Rutinar/ handling I løpet av februar månad kvart år skal alle pasientjournalar oppdaterast ved at elektronisk dokumentasjon vert skrive ut på papir og lagt i pasientjournalen. Når ein pasient vert utskriven, skal all elektronisk dokumentasjon skrivast ut og leggjast i pasientjournalen før den vert sendt til fjernarkiv. 6. Avviksrapportering Avvik frå prosedyren skal meldast på skjema 7. Distribusjon Prosedyren vert sendt til alle som har permen: Internkontrollsystem for sosial- og helsetenestene 9. Vedlegg Ingen |